Arkiv for ressursbank

Reinlender

Dansast etter Pål sine høner, Musevisa og swingmusikk
Det går fint an å dansa reinlender til swingmusikk.

Oppstilling:  
Parvis i stor ring vendt mot klokka. Guten har jenta på si høgre side.
Guten held jenta nedst i ryggen med høgre hand, jenta legg si venstre hand på skuldra til guten. Dei ytste armane heng ned langs sida.

Steg:
Reinlendersteg og hoppe/hinkesteg

Forklaring:
1.
Start med ytste fot: dans tre små lette springesteg og så eitt lite
hopp/hink (støtte ord: ein-to-tre-hopp-). Hald fram på same vis, no kjem
inste foten først.                         2x(1-4)

2.
Guten vender seg mot jenta og legg begge armane om livet hennar.
Jenta legg begge hendene på guten sine skuldrer. På fire taktar svingar dei rundt to gonger med klokka (tel ein-to-tre fire).
Guten opnar grepet på siste takt og startar dansen om igjen.

Tips

Det er ein fordel om elevane har lært Sir Cassian Circle før ein startar på reinlender. Denne dansen har same rytme (1-2-3-4) og tilnærma like steg.
Ein må berre justera høgda på stega. I reinlender dansar me med låge steg og lite løft av foten på 4.

I reinlender  kan me gjera som i Strekkpolka – starta innlæringa ved å gå på  rekkje i bukter og halvsirkel (etter musikken) og herma steg etter læraren. Til slutt endar me opp med 1-2-3-hopp, 1-2-3-hopp, hopp-hopp-hopp-hopp. Dette øver me så parvis i ring med rett handgrep. Då gjenstår det å dansa rundt. Her må me læra guten å trø raskt inn i rundturen. Øv først med ein gong rundt. Når me går to gonger rundt er det viktig å opna opp dansegrepet på slutten, slik at ein er klar til å dansa framover.
Elevane har no lært stega i reinlender og kan bruka dei i Firmannsreinlender.

Tagget med: , , , , , ,
Postet i Dans, Inne, Med utstyr, Mellomtrinnet, Musikk, Ressursbank, Samarbeid, Samarbeidsøvelse, Sansemotorikk, Småskolen, Sosial ferdighet, Ungdom