Levande opplæring på alternative arenaer

Barn under press

Noen barn går på SFO både før og etter skoletid. Mange er på skolen frå kl 7 til 17. Deretter kan det vera fjernsyn og data heime. Det blir lite tid til anna, og lite kontakt med foreldra, som òg er slitne etter stressande arbeidsdagar.

Eg synest synd på ungane. Eg har lyst til å ta dei med ut for å få oppleva naturen, samfunnet, livet. Besteforeldra, den frie leiken og naturen er tatt ifrå dei. «Livets skole» er tatt bort.

Dette er ikkje noe angrep på lærarane. Det er eit angrep på oss, som har skapt eit sjukt samfunn, eit samfunn som produserer sjukdom. Institusjonane (heildagsskolen, sfo, barnehagane osv) er ikkje berre skapte for ungane, men for oss og våre eigne ambisjonar, med bakgrunn i reklamen som hamrar på med forbrukspress og heile tida gjer oss misnøgde med det vi er og har. Dette gir oss ikkje tid til å vere heime saman med ungane.

Det går ikkje an å lære 10 timar om dagen! Særlig for dei som begynner å dette av. Forstandige fagfolk hevdar at ungane bør ha færre, ikkje fleire, timar på skolen. Dei peikar på at sjøl dei minste barna er stressa. Men vi stemmer på dei partia som vil ha fleire timar. På kravet om auka kvalitet svarar vi med auka kvantitet. Alle stortingsparti krev no fleire timar i skolen [ikkje Venstre! (jgf)]. Bakgrunnen er at vi treng å få ungane vekk. Og så svarar dei med å bli sjuke. Svaret mitt er at vi må bringe dei unge saman med vaksne i meir naturlige samanhengar. Professor Tom Tiller hevdar at vi må få tilbake den gamle annakvar-dag-skolen. Men det vi lærte ”den andre dagen”, må no inn i skolen på ein eller annan måte. Måndagane er vanskeligast på skolen i dag. Det kan vera lurt å ha ei trimløype der elevane får renne av seg ”helga-stresset”.

Sjukdomsteikn i samfunnet. Barnemishandling!

– Mellom 1/4 og 1/3 sluttar i vidaregående skole (dropouts).

– Uføretrygding av unge menneske aukar dramatisk.

– ADHD-diagnosen eksploderer, den har vorte fordobla annakvart år! Hittil i år har det vore ein auke på 27,8 % i ADHD-diagnose. I Tyskland har ADHD-diagnosen vorte 32-dobla på 9 år. Ekspertane seier at det ikkje er noe galt med hjernen til dei som får diagnosen, men med atferden. Og så deler vi ut amfetamin til dei!

Ungar som har vakse opp i heimar med ADHD, vil dei «arve» ADHD?

Vi er steinaldermenneske av natur, både fysisk og psykisk. Men vi bygger eit samfunn som ikkje tek hensyn til det. Vi bygger eit samfunn for at vi vaksne skal realisere oss. Det gir barnemishandling!

– Norske ungar er fysisk mellom dei friskaste i verda, men kvar femte eller sjette har psykososiale lidingar – knytta til mangel på meistringsopplevingar.

– Men også den fysiske helsa til ungane blir dårligare og dårligare. Allereide hos 11-åringar registrerer vi no begynnande feittavleiring i blodårene. Barn sit seg til gammalmanns-diagnosar. Er ikkje det barnemishandling?

– Ungar blir utbrende. Kvar tredje unge slit med stress. Det har vore ei 20-dobling av søknader til barnepsykiatrisk behandling sidan 1994 i N-Trøndelag.

– Sjølmord: 13,6 % av jentene har prøvd å ta sitt eige liv. 6,6 % av gutane – men fleire av gutane lykkast, fordi dei brukar meir effektive metodar.

Er ikkje dette uttrykk for barnemishandling?

Lykke = meistring

Olav Gjelsvik har skrive om nytelse: Den største oppleving av nytelse (lykke) oppnår ein gjennom meistring, gjennom å lykkast med noe – etter å ha streva med å få det til. Det aukar dopamin-mengda i hjernen. Skal vi auke dopamin-mengda med tablettar, eller ved å la elevane oppleve meistring?

Det er ein nøkkel til meistrings-glede at det ligg strev attom. Omsorg for ungar betyr da m.a å stille krav som grunnlag for meistring.

Reklame og sjølbilde

Røter er viktige. Identitet er viktig. Kven er eg? Det er viktig med eit positivt sjølbilde, viktig å vera fornøgd med seg sjøl, slik ein er. Eg er bra nok, fin nok, som eg er.

Men reklamen seier nei. Du er ikkje bra nok utan at du kjøper det og det. Alle treng bekreftelse. Men no får vi ikkje bekreftelse gjennom det vi er, men gjennom det vi har, det vi har skaffa oss.

Garden som pedagogisk ressurs

Landbrukshøgskolen på Ås hadde i 2000 eit prosjekt «Levende læring. Gården som økologisk ressurs». På Høgskolen i Nord-Trøndelag har vi frå 2001 arbeidd med eit prosjekt «Gården som pedagogisk ressurs» som eit tilbod i lærarutdanninga.

Her er det ikkje snakk om besøk på gardar, men skole i anna «klasserom». Heile klassen flyttar til garden og har undervisning der. Det bør vera ein gard med mest mulig allsidig drift. Lærarstudentane skal lære denne forma for undervisning. I første omgang blir det lett til at gardbrukaren overtek som lærar, fordi han veit mest. Men det er læraren som skal undervise, bonden skal ha status som miljøarbeidar.

Vi hadde fagfolk som stod over oss og kikka oss i korta og evaluerte det vi gjorde.

Garden og samfunnet er naturlige læringsarenaer. Kvar er det mest natur, i klasserommet eller ute? Kvar er det mest samfunn? Kvar er det mest estetikk? Kvar er det mest naturlig å drive kroppsøving? (Hoppe i høyet, fange ein kalv.)

Det viser seg at det er andre ungar som blir flinke på garden enn i klasserommet.

Andre alternative arenaer

Mange andre slike arenaer er mulig. I Troms har dei garden og kysten som læringsrom. Det vil vera naturlig på Hitra og Frøya òg.

Aker Verdal har sjøl starta opplæring (skole til eige formål), og dei inviterer ungar til å komma dit og lære (Midt-norsk teknologi- og realfagssenter).

Ein privat kristen skole, Aglo oppvekstsenter, tilbyr plass for barn og unge som ikkje finn seg til rette i den vanlige skolen i Stjørdal. Korleis greier dei det?

Læring og opplevingar på alternative arenaer

Eit gammalt og godt prinsipp er å begynne med det konkrete, nære og kjente. Vi tek tidlig dette vekk i skolen. Elevane skallar fort hauet i abstraksjonar.

Det viktigaste er at dei som står bak i køa, lykkast. Suksess avlar suksess, nederlag avlar nederlag. Meistring er stikkordet.

På undervisnings-garden skulle det bordkledast ein vegg. Det skulle elevane gjera, og dei skulle begynne med å vera med og felle tømmeret i skogen. Dei måtte måle opp veggen, finne kor mange bord og kor mange tre som trongst. Det var lærerikt.

Vi ser at ungar kan blir ståande timesvis å stryke på ein kalv. Det vitnar om eit udekt behov. Fanga er borte. Kårkallen og kårkjerringa på garden blir verdifulle. Dei fortel, det blir reine førelesingar. Ungane går ikkje unna.

Ungane er med og sår korn, skjer kornet, bind kornband – og får med seg eit kornband i handa heim. Og lærer fire småfuglnamn.

Lærarane må vera einige om å satse på «garden som pedagogisk ressurs». Det må utarbeidast fagplan i alle fag for undervisning på garden. Gardbrukaren får lønn over skolens budsjett. Naturligvis blir det stilt krav om sanitæranlegg og forsikring.
Flyktningemottak i Grong: Vanskelig med integrering av ungane i skolen/samfunnet. Så sendte dei skoleungane til ein gard. Da snakka dei saman, og vart integrerte.

Jentene spør: Korfor er gutane så snille når vi er på garden?

Ungane kjem og tilbyr seg å hjelpe til på garden utanom skoletida.

Tom Tiller: Å lære utan å gjera er som å elske utan å røre.

Få fram barnas skjulte kompetanse ved å variere stad, miljø og situasjon.

Samle på gamle folk som kan fortelje og har mye kunnskap.

Legg til rette for at gutane kan mestre ting!

Anne B Ragde sa i eit intervju at læringsglede er det viktigaste i skolen.

«Fortelling» om korleis strøm blir til

Per Aunet måtte ein gong improvisere ei forklaring på korleis strøm blir til i ein generator (kraftverk). Han viste til at ein magnet dreg til seg binders, tegnestiftar osv. Turbinen dreg ein stor, kraftig magnet rundt i generatoren. Rundt magneten går det ledningar. I ledningane er det ikkje binders og tegnestiftar, men det er noko anna som reagerer på magneten: bitte små elektronar. Når magneten går rundt, dreg han elektronane med seg og sender dei ut av generatoren gennom ledningsnettet.

Ein vanskelig elev, som Per Aunet vart åtvara mot på førehand, sat fjetra og hørte på.

– Kan du ikkje fortelje meir sånt? sa han.

Kilde: http://home.online.no/~j-g-foss/paunet1.html